"Hordaland skal være en ledende energiregion i Europa"


 Til Forsiden      Om HOG Energi      Arkiv      Rapporter      Prosjekter      Medlemmer      Aktivitet      Lenker        In English 
Til Forsiden

 

Om HOG Energi

 Sist oppdatert: 26. mai 2016

 

Nye fem millionar til omstilling i oljenæringa

Eit samrøystes fylkesutval ser framleis svært alvorleg på den vanskelege situasjonen for leverandørindustrien til petroleumsnæringa.

– Situasjonen for næringslivet vårt er framleis svært krevjande, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at fylkesutvalet i dag har vedteke å løyve inntil fem millionar kroner til vidare omstilling innan oljenæringa.
– Eg er glad for at fylkesutvalet har vedteke å vidareføra omstillingsutvalet sitt arbeid. Skal vi som fylkeskommune kunne bidra til næringsutvikling, må vi ha gode verkemiddel, seier fylkesordføraren.
Eit samrøystes fylkesutval ser framleis svært alvorleg på den vanskelege situasjonen for leverandørindustrien til petroleumsnæringa.
Då behovet for omstilling i næringa kom i fjor, oppretta fylkesutvalet eit omstillingsutval og løyvde fem millionar til 11 konkrete omstillingsprosjekt. Det kom fleire søknader enn det var pengar til.
-Det er eit viktig signal at fylkesutvalet vel å vidareføra denne ordninga, seier Nelson Rojas i HOG Energi. Det er månge viktige aktørar i regionen som framleis opplevar svært vanskelege marknadsforhold. Slike midlar kan gje eit viktig bidrag til å igangsetja mindre forprosjektar, som kan avklare vegen vidare når det gjeld nye måter å samarbeide på, undersøkja nye marknad, eller måter bruka ressurs og kompetanse på, avsluttar han.