"Hordaland skal være en ledende energiregion i Europa"


 Til Forsiden      Om HOG Energi      Arkiv      Rapporter      Prosjekter      Medlemmer      Aktivitet      Lenker        In English 
Til Forsiden

 

Om HOG Energi

 Sist oppdatert: 26. mai 2016

 

Vil ha Mongstadmøte med olje- og energiministeren

Hordaland fylkeskommune, Lindås og Austrheim kommunar og HOG Energi ynskjer snarast eit møte med olje- og energiministeren. Vi ber om møtet på bakgrunn av den uro og uvisse som utesetjinga av fullskala reinseanlegg på Mongstad har ført til både politisk og i næringslivet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

– Vi er samd med styresmaktene i at utvikingsarbeidet på Mongstad skal ha eit langsiktig perspektiv over seg. Men for å koma vidare med vårt regionale arbeid, og framtidig kunna støtta Olje- og energidepartementet si Mongstadsatsing, er det nødvendig med avklaring på ein del spørsmål, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. — For å få denne avklaringa ønskjer vi så raskt som mogleg møte med statsråden.
«Hordaland fylkeskommune, saman med kommunane Lindås og Austrheim, har heilt sidan vedtaket om Mongstad vart fatta i Stortinget vore positive til sentrale styresmakter si satsing. Vi meiner framleis at miljøsatsinga på Mongstad er nødvendig og at den vil setja Noreg og Nordhordland på det internasjonale miljøkartet,» heiter det i brevet-
Vidare: «På denne bakgrunn har vi i fleire år gjennom vår interesseorganisasjon HOG Energi gjennomført ulike prosjekt for å finna ut kva vår region kan gjera for å bidra til eit vellukka resultat på Mongstad. Vi ønskjer også at våre regionale kompetansemiljø innan forsking og utvikling skal koma i posisjon i det vidare utviklingsarbeidet som skal skje på teknologisenteret,