"Hordaland skal være en ledende energiregion i Europa"


 Til Forsiden      Om HOG Energi      Arkiv      Rapporter      Prosjekter      Medlemmer      Aktivitet      Lenker        In English 
Til Forsiden

 

Arkiv

    Nådetid for Mongstad
    Vil ha Sunnhordland sterkere med
    Gassferjer på Halhjem-Våge
    Fremtidens petroleumsvirksomhet skapes nå
    Gjennombrudd for driftsbyen Bergen
    Shell til Bergen!
    Kraftsatsing på vind
    Oljeindustriens indrefilet
    Intervju med Ove Lunde i Offshore.no
    Naturgass - fremtidens verdiskaper
    Vetco fikk gasskrontrakt på Kollsnes
    Bruk av naturgass i Sunnhordland og Hardanger
    Testsenteret på Mongstad - artikkel i BT
    Står fast på prioriteringene
    Krever full gass for nytt Sotra-samband
    FMC får gigantkontrakt med Statoil
    "Mongstad neste" - om gasskraft og CO2
 Sist oppdatert: 26. mai 2016

Vil ha Sunnhordland sterkere med

Bladet Sunnhordland skriver 4.11. 2009 at HOG Energi "meiner Sunnhordland har alle føresetnader for å kunna ta del i framtidig energiutvikling."


HOG Energi, tidlegare Hordaland Olje og Gass, er den øvste interesseorganisasjonen for energinæringa i Hordaland. I Sunnhordland er kommunane Stord og Bømlo medlemer. Dessutan nokre verksemder.

No ynskjer denne organisasjonen å trekkja regionen Sunnhordland endå meir med i arbeidet.

Sterk region

– Regionen er svært viktig og full av ressursar og kompetanse. Særleg miljøteknologi vil stå sentralt. Me vil samarbeida med og knyta til oss aktørar innanfor utvikling av miljøteknologi, seier Ove Lunde, dagleg leiar i HOG Energi.

Nyleg var Lunde på Stord og møtte både SNU og Stord Næringsråd. Lunde har lang og brei erfaring innanfor energinæringa. Dei seinaste 12 åra har han arbeidd med strategisk næringsutvikling i petroleumsbransjen. Fyrst fire år som dagleg leiar i Petroleumsrådet, seinare som ansvarleg for samfunnskontakt i Hordaland Olje og Gass, HOG.

DEBATT: Er gass framtida?

Han har eit omfattande kontaktnett innan energibransjen og i det politiske miljøet lokalt og nasjonalt. Lunde trur det vert ein styrke både for regionen og HOG Energi å knyta eit sterkare samarbeid. Han er mykje oppteken av at offshoreindustrien i nær framtid får nok å gjera. Difor vil HOG Energi stå hardt på overfor styresmaktene innanfor ulike område av energiutvikling.

Imponert

– HOG Energi har mange spennande og viktige satsingsområde, mellom anna CO2-fangst på Mongstad. Naturgass i offentleg verksemd og transportsektoren. Fornybar energi/nye energiformer. Vasskraft og leverandørmiljøet i Hordaland, fortel Lunde, som i staben sin har med seg prosjektleiar Nelson Rojas frå Stord. Ordførar Liv Kari Eskeland i Stord er medlem i styret for HOG Energi.

Av saker HOG Energi har vore med på å realisera er:

- Infrastruktur for mottak av naturgass.

- Bruk av naturgass i transportsektoren.

- Gassbussane i Bergen.

- Gassferjene.

- Naturgass i forsyningsfartøy.

- LNG-fabrikken på Kollsnes.

- Infrastruktur for naturgass på Stord.

Når det gjeld naturgassutbygginga på Stord, er Lunde svært imponert. Han synest det er ei solskinshistorie det dei ulike aktørane har fått til. Eit glimrande døme på kva det offentlege og private verksemder kan få til i fellesskap, med SKL som utbyggjar og kommunen som god medspelar og tilretteleggjar.

HOG Energi ynskjer å yta hjelp og å ta del i energiprosjekt isamarbeid med ulike aktørar i Sunnhordland. Eit døme på det er eit interessant prosjekt innanfor miljøteknologi i Lukksund, der Tysnes Kraftlag for tida satsar.


Ein tungvektar
Dagleg leiar Hege Økland i SNU synest det er veldig positivt at HOG Energi i sin strategi vil retta seg meir mot Sunnhordland. Ho strekar under at industrien i Sunnhordland har vore, er og vil verta viktig for HOG Energi.
– I fleire år har SNU hatt mykje med denne organisasjonen å gjera. Samarbeidet er godt. Me har felles interesser, og HOG Energi er ein sterk ressurs, som har stor kompetanse og gjev tyngd i alt arbeid med energiutvikling. Framover vert arbeidet med miljøteknologi viktig. I denne samanhengen vil dei politiske rammevilkåra ha ei sentral rolle. Staten må mykje sterkare inn i denne satsinga i tida som kjem, seier Økland, som er glad for at HOG Energi vil vera meir oppsøkjande i Sunnhordland no.



Hans Ole Dalland

Les saken i Sunnhordland.no!


Les mer om HOG i www.sunnhordland.no